19 Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.
20 Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det.
21 «Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»
22 Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.»
23 Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Trur de det er så lett å bli svigerson til kongen? Eg er ein fattig og lågætta mann.»
24 Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.
25 Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David.