24 Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.
25 Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David.
26 Då mennene til Saul fortalde David kva Saul hadde sagt, var David glad for at han skulle bli svigerson til kongen. Og før tida var ute,
27 braut David opp og drog av stad med folka sine. Han felte to hundre filistrar. Så tok han forhudene deira med seg, og dei vart talde opp for kongen, slik at han kunne bli svigerson til kongen. Då gav Saul han dotter si, Mikal, til kone.
28 Men då Saul såg at Herren var med David, og skjøna at Mikal, dotter hans, elska han,
29 då vart han endå reddare David. Sidan var Saul fienden til David all sin dag.
30 Filistarhovdingane rykte ofte ut i kamp. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.