21 Saul fekk vita om det og sende andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Saul sende folk dit ein tredje gong, men dei kom i profetisk glød, dei òg.
22 Til slutt gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brønnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»
23 Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.
24 Saul reiv av seg kleda og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød liksom dei andre, heilt til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»