8 Men krigen heldt fram, og David drog ut og kjempa mot filistrane. Dei leid stort nederlag og flykta for han.
9 Ein dag kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa og David spela på harpa.
10 Saul prøvde å spidda David til veggen med spydet. Men David bøygde unna for Saul, og spydet fór i veggen. David flykta og kom seg unna same natta.
11 Saul sende nokre menn til Davids hus for å vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Kjem du deg ikkje unna i natt, blir du drepen i morgon.»
12 Så firte ho han ned frå vindauget, og han flykta og kom seg bort.
13 Like etter tok ho terafane og la dei i senga. Ho la eit teppe av geiteragg ved hovudet deira og breidde sengeteppet over.
14 Då utsendingane frå Saul kom for å henta David, sa ho: «Han er sjuk.»