1 Hanna bad og sa:Mitt hjarte frydar seg i Herren, Herren gjev meg stor kraft.Eg ler av mine fiendar,for eg gleder meg over di frelse.
2 Ingen er heilag som Herren,for ingen er til utan du,det finst ikkje fjell som vår Gud.
3 Snakk ikkje med så store og stolte ord,lat ikkje frekt snakk gå ut av munnen!For Herren er ein Gud som allting veit,han prøver kvar ei gjerning.
4 Bogane til dei mektige blir brotne,men dei som vaklar, kler seg i kraft.
5 Mette må arbeida for sitt brød,men svoltne slepp å hungra meir.Barnlaus kvinne føder sju born,den som er rik på søner, visnar vekk.
6 Herren tek liv og gjev liv,han sender ned til dødsriket,og han fører opp att.
7 Herren gjer fattig, og han gjer rik,han fornedrar, og han opphøgjer.