11 Så drog Elkana heim til Rama. Men guten vart verande og gjorde teneste for Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han.
12 Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren.
13 Slik fór prestane fram mot folket: Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei kokte kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.
14 Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Slik gjorde dei mot alle israelittar som kom til Sjilo.
15 Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Gjev presten kjøt å steikja! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.»
16 Om då mannen svara: «Først må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil», sa tenaren: «Nei, gjev meg det straks, elles tek eg det med makt.»
17 Synda dei unge mennene gjorde for Herrens andlet, var svært stor; dei viste ingen respekt for Herrens offer.