17 Synda dei unge mennene gjorde for Herrens andlet, var svært stor; dei viste ingen respekt for Herrens offer.
18 Men Samuel gjorde teneste for Herrens andlet. Alt som gut bar han presteklede av lin.
19 Kvart år laga mor hans ei lita kappe til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp for å bera fram det årlege slaktofferet.
20 Eli velsigna Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld.» Så drog dei heim att.
21 Herren såg med omsorg til Hanna, og ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren.
22 Eli var no svært gammal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen,
23 sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Frå heile folket høyrer eg om dei vonde gjerningane dykkar.