24 Det må ikkje vera slik, sønene mine! Det er ikkje noko godt rykte, høyrer eg, som går mellom Herrens folk.
25 Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud dømma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy.
26 Guten Samuel voks og var til glede både for Herren og for menneske.
27 Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Openberra eg meg ikkje for slekta til far din då dei var slavar for farao og hans hus i Egypt?
28 Og eg valde dei ut blant alle Israels stammar til å gjera presteteneste for meg og stiga opp til mitt altar, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt andlet. Slekta til far din har eg gjeve retten til alle gåveoffera frå israelittane.
29 Kvifor viser du forakt for slaktofferet mitt og grødeofferet mitt som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram?
30 Difor seier Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at ditt hus og huset til far din skal gjera teneste for mitt andlet for alltid. Men no seier Herren: Så skal ikkje henda! Dei som ærar meg, vil eg æra, men dei som foraktar meg, skal bli til skamme.