27 Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Openberra eg meg ikkje for slekta til far din då dei var slavar for farao og hans hus i Egypt?
28 Og eg valde dei ut blant alle Israels stammar til å gjera presteteneste for meg og stiga opp til mitt altar, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt andlet. Slekta til far din har eg gjeve retten til alle gåveoffera frå israelittane.
29 Kvifor viser du forakt for slaktofferet mitt og grødeofferet mitt som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram?
30 Difor seier Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at ditt hus og huset til far din skal gjera teneste for mitt andlet for alltid. Men no seier Herren: Så skal ikkje henda! Dei som ærar meg, vil eg æra, men dei som foraktar meg, skal bli til skamme.
31 Sjå, dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta til farsslekta di, så ingen blir gammal i ditt hus.
32 Med misunning skal du sjå alt det gode han gjer mot Israel, men i ditt hus skal ingen bli gammal.
33 Berre ein einaste mann i ditt hus vil eg la vera å rydda bort frå altaret mitt. Eg vil la auga dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i ditt hus, skal døy i sin beste alder.