3 Snakk ikkje med så store og stolte ord,lat ikkje frekt snakk gå ut av munnen!For Herren er ein Gud som allting veit,han prøver kvar ei gjerning.
4 Bogane til dei mektige blir brotne,men dei som vaklar, kler seg i kraft.
5 Mette må arbeida for sitt brød,men svoltne slepp å hungra meir.Barnlaus kvinne føder sju born,den som er rik på søner, visnar vekk.
6 Herren tek liv og gjev liv,han sender ned til dødsriket,og han fører opp att.
7 Herren gjer fattig, og han gjer rik,han fornedrar, og han opphøgjer.
8 Han reiser den veike opp av støvetog lyfter den fattige frå dungen.Han lèt dei sitja blant stormennog gjev dei ein ærefull plass.For søylene på jorda høyrer Herren til,på dei bygde han verda opp.
9 Han vaktar føtene til dei trugne,men dei urettferdige må teia i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.