31 Sjå, dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta til farsslekta di, så ingen blir gammal i ditt hus.
32 Med misunning skal du sjå alt det gode han gjer mot Israel, men i ditt hus skal ingen bli gammal.
33 Berre ein einaste mann i ditt hus vil eg la vera å rydda bort frå altaret mitt. Eg vil la auga dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i ditt hus, skal døy i sin beste alder.
34 Det som råkar dei to sønene dine, Hofni og Pinhas, skal du ha til teikn: Dei skal begge døy på éin dag.
35 Men eg vil la ein trufast prest stå fram. Han skal handla etter mitt hjarte og min vilje. For han vil eg byggja eit hus som står støtt, og han skal gjera teneste hos min salva alle sine dagar.
36 Det skal gå slik at dei som er att av ditt hus, kjem til han og bed på sine kne om eit pengestykke og ein brødbit og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga så eg kan få litt mat å eta.»