7 Herren gjer fattig, og han gjer rik,han fornedrar, og han opphøgjer.
8 Han reiser den veike opp av støvetog lyfter den fattige frå dungen.Han lèt dei sitja blant stormennog gjev dei ein ærefull plass.For søylene på jorda høyrer Herren til,på dei bygde han verda opp.
9 Han vaktar føtene til dei trugne,men dei urettferdige må teia i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.
10 Herren knuser sine fiendar.Han lèt det torna over dei frå himmelen, Herren dømmer den vide jord.Han vil gje sin konge styrkeog sin salva stor kraft!
11 Så drog Elkana heim til Rama. Men guten vart verande og gjorde teneste for Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han.
12 Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren.
13 Slik fór prestane fram mot folket: Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei kokte kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.