1 David flykta frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din sidan han vil ta livet av meg?»
2 Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje døy! Far min gjer då aldri noko, stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då løyna dette for meg? Slik er det ikkje.»
3 Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du ser på meg med velvilje. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita, det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»
4 Då sa Jonatan til David: «Alt det du ønskjer, vil eg gjera for deg.»
5 David svara: «I morgon er det nymåne. Då skulle eg sitja til bords med kongen. Men lèt du meg gå, gøymer eg meg ute på marka til tredje kvelden.