29 Kjære, lat meg få fara, sa han, for slekta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få fara heim og helsa på slektningane mine! – Difor er han ikkje komen til kongens bord.»
30 Då vart Saul rasande på Jonatan og sa til han: «Du son til ei dårleg og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen til skam for deg sjølv og til skam for nakenskapen til mor di!
31 Så lenge Isai-sonen lever på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og hent han hit til meg, for han skal døy!»
32 «Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?»
33 Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.
34 Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Så vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.
35 Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg.