32 «Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?»
33 Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.
34 Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Så vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.
35 Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg.
36 Han sa til guten: «Spring og finn pilene som eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han pila forbi han.
37 Og då guten kom til staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»
38 Og så ropa han: «Skund deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til herren sin.