1 David drog no til presten Ahimelek i Nob. Då kom Ahimelek han skjelvande til møtes og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?»
2 David svara han: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag. Og han sa til meg: Ingen må få vita noko om oppdraget eg har sendt deg på. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad.
3 Har du noko mat for handa? Lat meg få fem brød eller det som måtte finnast her.»
4 Presten sa til David: «Vanleg brød har eg ikkje, men heilagt brød kan du få – berre mennene dine har halde seg frå kvinner.»