1 Så drog David bort derifrå og flykta til hòla ved Adullam. Då brørne hans og alle i farshuset fekk høyra det, kom dei ned til han der.
2 Alle slags naudlidande, gjeldbundne og misnøgde samla seg om han, og han vart hovding for dei. Om lag fire hundre mann slutta seg til han.
3 Derifrå drog David til Mispe i Moab og sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få koma og bu hos dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»
4 Så tok han dei til kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.
5 Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje vera i fjellborga lenger. Dra bort og kom deg tilbake til Juda!» Då drog David av garde og kom til Haret-skogen.
6 Saul fekk høyra at nokon hadde kjent att David og dei mennene som var med han. Saul sat i Gibea under tamarisktreet oppe på høgda med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.
7 Då sa han til mennene som stod der: «Høyr på meg, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorde og vinmarker? Vil han setja dykk til førarar for tusen og hundre?