1 David fekk melding om at filistrane hadde gått til åtak på Ke'ila og plyndra treskjeplassane.
2 Då bad David Herren om råd: «Skal eg dra ut og slå desse filistrane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistrane og fri ut Ke'ila.»
3 Men mennene til David sa til han: «Ikkje eingong her i Juda er vi trygge, og så skulle vi dra til Ke'ila, mot hæren til filistrane?»
4 Endå ein gong bad David Herren om råd, og Herren svara: «Bryt opp og dra ned til Ke'ila! Eg vil gje filistrane i dine hender.»