10 Så sa David: «Herre, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.
11 Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» Herren svara: «Ja, han kjem hit ned.»
12 David heldt fram: «Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg og mennene mine til Saul?» Herren svara: «Ja, dei vil utlevera dykk.»
13 No braut David opp med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei drog bort frå Ke'ila og flakka omkring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke'ila, lét han vera å dra ut.
14 Etter dette heldt David til i ørkenen, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-ørkenen. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud lét han ikkje falla i hans hender.
15 Medan David var i Horesja i Sif-ørkenen, fekk han vita at Saul hadde drege ut for å drepa han.
16 Men Jonatan, son til Saul, drog av garde og kom til David i Horesja. Han hjelpte han til å henta nytt mot hos Gud.