13 No braut David opp med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei drog bort frå Ke'ila og flakka omkring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke'ila, lét han vera å dra ut.
14 Etter dette heldt David til i ørkenen, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-ørkenen. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud lét han ikkje falla i hans hender.
15 Medan David var i Horesja i Sif-ørkenen, fekk han vita at Saul hadde drege ut for å drepa han.
16 Men Jonatan, son til Saul, drog av garde og kom til David i Horesja. Han hjelpte han til å henta nytt mot hos Gud.
17 «Ver ikkje redd!» sa han. «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal bli konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»
18 Så gjorde dei to ei pakt med kvarandre for Herrens andlet. David vart verande i Horesja, men Jonatan gjekk heim til seg.
19 Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «Veit du at David held seg gøymd hos oss i fjellborgene i Horesja, ved Hakila-haugen som ligg sør for Jesjimon?