19 Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «Veit du at David held seg gøymd hos oss i fjellborgene i Horesja, ved Hakila-haugen som ligg sør for Jesjimon?
20 Så sant du ønskjer å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»
21 Saul svara: «Velsigna er de av Herren fordi de held med meg.
22 Gå no, og ver framleis på vakt. Få greie på kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er svært listig.
23 Sjå etter og finn alle gøymestadene der han kan ha gøymt seg. Kom så tilbake til meg med påliteleg melding, og eg skal vera med dykk. Så sant han er i landet, skal eg leita han opp mellom alle slektene i Juda.»
24 Då braut dei opp og drog til Sif i førevegen for Saul.David og mennene hans var då i Maon-ørkenen, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.
25 Saul og mennene hans drog ut for å leita etter han. Men det fekk David vita, og han drog ned til berghamaren i Maon-ørkenen og vart verande der. Då Saul fekk høyra det, følgde han etter David ut i Maon-ørkenen.