24 Då braut dei opp og drog til Sif i førevegen for Saul.David og mennene hans var då i Maon-ørkenen, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.
25 Saul og mennene hans drog ut for å leita etter han. Men det fekk David vita, og han drog ned til berghamaren i Maon-ørkenen og vart verande der. Då Saul fekk høyra det, følgde han etter David ut i Maon-ørkenen.
26 Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. David flykta for å koma unna Saul. Men Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.
27 Då kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skund deg og kom! Filistrane har rykt inn i landet.»
28 Då heldt Saul opp med å forfølgja David og drog mot filistrane. Difor kallar dei den staden Sela-ha-Mahlekot, «Skiljehamaren».