5 Så drog David og mennene hans til Ke'ila og kjempa mot filistrane. Dei dreiv buskapen deira bort og lét dei lida eit stort nederlag. Slik berga David folket i Ke'ila.
6 Då Abjatar, son til Ahimelek, rømde til David og følgde han til Ke'ila, hadde han efoden med seg.
7 Saul fekk melding om at David var komen til Ke'ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han stengde seg sjølv inne då han drog inn i ein by med portar og bommar.»
8 Så kalla Saul heile hæren saman til kamp. Han ville fara ned til Ke'ila for å kringsetja David og mennene hans.
9 Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Ta fram efoden!»
10 Så sa David: «Herre, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.
11 Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» Herren svara: «Ja, han kjem hit ned.»