14 Eit gammalt ord seier: Frå urettferdige kjem det urett. Men eg vil ikkje leggja hand på deg.
15 Kven er det Israels konge har drege ut etter? Kven er det du forfølgjer? Ein daud hund, ei einsleg loppe!
16 Men Herren skal vera dommar og dømma mellom meg og deg. Han skal sjå til mi sak, føra henne og hjelpa meg til min rett mot deg.»
17 Då David hadde sagt alt dette til Saul, sa kongen: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» Så brast han i gråt
18 og sa til David: «Det er du som har rett – ikkje eg. For du har gjort godt mot meg, endå eg har gjort vondt mot deg.
19 I dag har du vist meg at du vil meg vel. Du drap meg ikkje då Herren hadde gjeve meg i di hand.
20 Kvar er den mannen som kjem over fienden sin og lèt han dra sin veg i fred? Må Herren løna deg for det du har gjort mot meg i dag!