3 Saul tok då med seg tre tusen mann som han hadde valt ut frå heile Israel, og drog av stad for å leita etter David og mennene hans aust for Steinbukkhamrane.
4 Han kom til nokre sauekveer ved vegen. Der var det ei hòle, og Saul gjekk inn i eige ærend. Men inst i hòla sat David og mennene hans.
5 Mennene sa til David: «No er den dagen komen som Herren hadde i tankar då han sa til deg: Eg skal gje fienden din over i dine hender, så du kan gjera med han som du vil.» Så reiste David seg og skar ein flik av kappa til Saul utan at han merka det.
6 Men sidan kjende David at det stakk i hjartet fordi han hadde skore fliken av kappa til Saul,
7 og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot min herre, mot Herrens salva, og leggja hand på han. For Herrens salva er han.»
8 David snakka mennene sine til rette og gav dei ikkje lov til å gå laus på Saul.Saul forlét hòla for å dra sin veg.
9 Då reiste David seg, gjekk ut or hòla og ropa etter han: «Herre konge!» Saul såg seg tilbake, og David bøygde seg med andletet mot jorda.