6 Men sidan kjende David at det stakk i hjartet fordi han hadde skore fliken av kappa til Saul,
7 og han sa til mennene sine: «Herren fri meg frå å gjera slikt mot min herre, mot Herrens salva, og leggja hand på han. For Herrens salva er han.»
8 David snakka mennene sine til rette og gav dei ikkje lov til å gå laus på Saul.Saul forlét hòla for å dra sin veg.
9 Då reiste David seg, gjekk ut or hòla og ropa etter han: «Herre konge!» Saul såg seg tilbake, og David bøygde seg med andletet mot jorda.
10 Han sa til Saul: «Kvifor høyrer du på folk som seier at David prøver å gjera deg vondt?
11 I dag har du med eigne auge sett at Herren gav deg i mine hender i hòla. Dei sa eg skulle drepa deg. Men eg sparte deg, for eg tenkte: Eg vil ikkje leggja hand på herren min, for han er den som Herren har salva.
12 Sjå her, min far, her har eg fliken av kappa di i handa! Når eg har skore denne fliken av kappa di utan å drepa deg, må du då skjøna og forstå at eg ikkje har vondt eller svik i sinne. Eg har ikkje forbrote meg mot deg. Det er du som er etter meg og vil ta livet av meg.