1 Samuel døydde, og heile Israel samla seg og heldt sørgjehøgtid over han. Dei gravla han i Rama, heimstaden hans.David braut opp og drog vidare, ned til Paran-ørkenen.
2 I Maon budde det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Mannen var svært rik, han eigde tre tusen sauer og tusen geiter. Han heldt på å klippa sauene sine i Karmel.
3 Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei klok og vakker kvinne, men mannen var vrang og vond i all si ferd. Han var av Kaleb-slekta.
4 Ute i ørkenen fekk David høyra at Nabal heldt på å klippa sauene sine.