10 Men Nabal svara dei: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange slavar som spring bort frå herrane sine.
11 Skulle eg ta brødet mitt og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klipper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar kjem ifrå!»
12 Då snudde mennene og gjekk sin veg. Dei kom tilbake og fortalde David alt som hadde hendt.
13 Då sa han til mennene sine: «Spenn sverdet på dykk, alle mann!» Det gjorde dei, og David spente òg sverdet på seg. Om lag fire hundre mann følgde han opp, medan to hundre vart verande ved krigsutstyret.
14 Ein av tenestegutane kom til Abigajil, kona til Nabal, og sa: «David sende nokre menn hit frå ørkenen med helsing til husbonden vår, men han skjelte dei ut.
15 Desse mennene har vore venlege mot oss. Ingen av dei har gjort oss noko vondt, og det har ikkje kome bort noko for oss så lenge vi har vore saman med dei ute på marka.
16 Dei har vore som ein mur omkring oss både natt og dag heile den tida vi heldt oss nær dei og gjette småfeet.