16 Dei har vore som ein mur omkring oss både natt og dag heile den tida vi heldt oss nær dei og gjette småfeet.
17 Tenk no etter og finn ut kva du skal gjera. For ulukka heng over husbonden vår og heile hans hus. Men sjølv er han så vondsinna at ingen torer tala til han.»
18 Då tok Abigajil i ein fart to hundre brød, to skinnsekker med vin, fem tillaga saueskrottar, fem sea rista korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker og leste det på esla.
19 Så sa ho til tenestegutane sine: «Dra i førevegen! Eg kjem snart etter.» Men til Nabal, mannen sin, sa ho ingen ting.
20 Då ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, støytte ho på David og mennene hans, som kom imot henne.
21 Men David hadde sagt: «Til fånyttes har eg vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han i ørkenen. Han har lønt godt med vondt.
22 Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»