20 Då ho kom ridande på eselet sitt i livd av fjellet, støytte ho på David og mennene hans, som kom imot henne.
21 Men David hadde sagt: «Til fånyttes har eg vakta alt det denne mannen eig, så det ikkje har kome bort noko for han i ørkenen. Han har lønt godt med vondt.
22 Måtte Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg lèt ein einaste av mennene hans leva til det dagast i morgon.»
23 Med det same Abigajil fekk sjå David, sprang ho ned av eselet og bøygde seg til jorda for han.
24 Ho kasta seg ned for føtene hans og sa: «Det er eg åleine som har skulda, herre. Lat likevel tenestekvinna di få tala til deg, og høyr på det eg har å seia.
25 Bry deg ikkje om den vondsinna Nabal, herre. For som han heiter, slik er han. Nabal, ‘dåre’, heiter han, og full av dårskap er han. Eg, tenestekvinna di, har ikkje eingong sett dei mennene som du sende, herre.
26 Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre: No har Herren hindra deg i å ta deg sjølv til rette og bli opphav til blodbad. Måtte fiendane dine, som vil skada deg, herre, bli som Nabal.