26 Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever, herre: No har Herren hindra deg i å ta deg sjølv til rette og bli opphav til blodbad. Måtte fiendane dine, som vil skada deg, herre, bli som Nabal.
27 Ta imot denne gåva som tenestekvinna di har teke med til deg, herre, og gjev henne til dei mennene som er med deg på ferdene dine.
28 Tilgjev at tenestekvinna di trengjer seg på. Herren skal sanneleg gje deg ei ætt som står. For det er Herrens krigar du fører, herre, og det skal ikkje finnast noko vondt hos deg så lenge du lever.
29 Står nokon fram og forfølgjer deg og vil ta livet av deg, herre, skal livet ditt vera under Herren din Guds vern. Men livet til fiendane dine skal han slengja bort som steinar frå slyngja.
30 Når Herren gjev deg alt det gode han har lova, herre, og set deg til fyrste over Israel,
31 då skal du ikkje kjenna deg utrygg eller ha vondt samvit, herre, over å ha spilt uskuldig blod og teke deg sjølv til rette. Men når Herren gjer vel imot deg, kom då i hug tenestekvinna di, herre!»
32 Då sa David til Abigajil: «Velsigna er Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!