32 Då sa David til Abigajil: «Velsigna er Herren, Israels Gud, som har sendt deg til møtes med meg i dag!
33 Velsigna er din klokskap, og velsigna er du sjølv, som i dag har hindra meg i å føra blodskuld over meg og ta meg sjølv til rette!
34 Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville ikkje Nabal hatt ein einaste mann att når det dagast i morgon.»
35 Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Dra heim i fred. Eg har høyrt di bøn, lyft ditt andlet!»
36 Då Abigajil kom heim att til Nabal, heldt han fest i huset, ein fest som hos ein konge. Nabal var lystig til sinns og hadde drukke mykje. Difor fortalde ho han ingenting før neste morgon.
37 Men om morgonen, då Nabal hadde sove rusen av seg, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjartet hans ville stogga, og han vart som ein stein.
38 Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.