34 Men så sant Herren, Israels Gud, lever, han som har halde meg frå å gjera deg noko vondt: Hadde du ikkje vore så snar til å møta meg, ville ikkje Nabal hatt ein einaste mann att når det dagast i morgon.»
35 Så tok David imot dei gåvene ho hadde med til han, og sa til henne: «Dra heim i fred. Eg har høyrt di bøn, lyft ditt andlet!»
36 Då Abigajil kom heim att til Nabal, heldt han fest i huset, ein fest som hos ein konge. Nabal var lystig til sinns og hadde drukke mykje. Difor fortalde ho han ingenting før neste morgon.
37 Men om morgonen, då Nabal hadde sove rusen av seg, fortalde ho han alt saman. Då var det som om hjartet hans ville stogga, og han vart som ein stein.
38 Om lag ti dagar etter slo Herren Nabal, og han døydde.
39 Då David fekk høyra at Nabal var død, sa han: «Velsigna er Herren! Han har teke hemn over Nabal for den vanæra han førte over meg, og han har halde tenaren sin frå å gjera noko vondt. Herren har late Nabals vondskap koma over hans eige hovud.»Så sende David bod til Abigajil og bad henne bli kona hans.
40 Davids menn kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone», sa dei.