40 Davids menn kom til Abigajil i Karmel og bar fram ærendet sitt for henne: «David har sendt oss til deg, for han vil ha deg til kone», sa dei.
41 Ho reiste seg, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Her er tenestekvinna di; som ei slavekvinne skal eg vaska føtene på tenarane til herren min.»
42 Abigajil skunda seg å gjera seg i stand. Ho sette seg på eselet, og fem tenestejenter gjekk med henne. Så følgde ho sendemennene til David og vart kona hans.
43 David hadde òg gift seg med Ahinoam frå Jisreel. Begge vart dei konene hans.
44 Men Saul hadde gjeve Mikal, dotter si, som var gift med David, til Palti, son til Lajisj frå Gallim.