6 og sei: Til liv! Fred over deg, fred over ditt hus, fred over alt som er ditt.
7 Eg har høyrt at du held på å klippa sauer. No har gjetarane dine vore saman med oss, og vi har aldri gjort dei noko vondt. Det har heller ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel.
8 Spør berre folka dine, så vil dei sjølve fortelja deg det. Ta vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa.»
9 Då mennene til David kom til Nabal, tala dei til han med Davids ord. Så stod dei og venta.
10 Men Nabal svara dei: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange slavar som spring bort frå herrane sine.
11 Skulle eg ta brødet mitt og vatnet mitt og feet som eg har slakta til dei som klipper for meg, og gje det til folk som eg ikkje veit kvar kjem ifrå!»
12 Då snudde mennene og gjekk sin veg. Dei kom tilbake og fortalde David alt som hadde hendt.