1 Mennene frå Sif kom til Saul i Gibea og sa: «Du veit vel at David held seg løynd ved Hakila-høgda, midt imot Jesjimon?»
2 Då braut Saul opp og drog ned til Sif-ørkenen med tre tusen utvalde israelittar for å leita etter David.
3 Saul slo leir på Hakila-høgda, som ligg ved vegen midt imot Jesjimon. David heldt til i ørkenen, og då han skjøna at Saul var komen etter han dit,
4 sende han ut spionar og fekk påliteleg melding om at Saul var der.
5 Då braut David opp og kom til den staden der Saul hadde slege leir. Han såg kvar Saul og hærføraren hans, Abner, son til Ner, hadde lagt seg til å sova. Saul låg midt i leiren med soldatane rundt seg.