13 Då David var komen over til den andre sida, stilte han seg opp på ein fjellknaus langt borte, slik at det var stor avstand mellom dei.
14 Så ropa han til hæren og til Abner, son til Ner: «Skal du ikkje svara meg, Abner?» Abner svara: «Kven er du som ropar hit over til kongen?»
15 David sa til Abner: «Er ikkje du ein mann? Og kven er som du i Israel? Kvifor har du då ikkje halde vakt over din herre, kongen? Ein av folket kom og ville drepa kongen, herren din.
16 Det er ikkje bra, det du har gjort. Så sant Herren lever, de fortener å døy alle saman fordi de ikkje har halde vakt over herren dykkar, over han som Herren har salva. Sjå etter, kvar er kongens spyd og vasskrukke, som stod like ved hovudet hans?»
17 Saul kjende att røysta til David og ropa: «Er ikkje dette di røyst, David, son min?» David svara: «Jau, det er mi røyst, herre konge.»
18 Og han heldt fram: «Kvifor forfølgjer du tenaren din, herre? Kva har eg gjort? Kva vondt har eg gjort meg skuldig i?
19 Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har hissa deg opp mot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens andlet. For no jagar dei meg bort så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg og dyrk andre gudar!