19 Høyr no, herre konge, kva tenaren din seier: Er det Herren som har hissa deg opp mot meg, så lat han få kjenna angen av offer. Men er det menneske, skal dei vera forbanna for Herrens andlet. For no jagar dei meg bort så eg ikkje får bu i Herrens eige land, og seier: Gå din veg og dyrk andre gudar!
20 Lat ikkje blodet mitt væta jorda langt borte frå Herrens andlet. For Israels konge har drege ut og leitar etter ei loppe som når ein jagar rapphøner i fjellet.»
21 Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom tilbake, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. Eg har bore meg uvitug åt og gjort ein stor feil.»
22 David svara: «Sjå, her er spydet til kongen! Lat ein av mennene koma over og henta det!
23 Herren løner den som er rettferdig og trufast. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag, men eg ville ikkje leggja hand på den Herren har salva.
24 Måtte Herren setja mitt liv like høgt som eg har sett ditt liv i dag, og fria meg frå all naud.»
25 Då sa Saul til David: «Velsigna er du, David, son min. Mangt skal du gjera, og alt skal du lukkast i.» Så drog David sin veg, og Saul vende heim att.