21 Då sa Saul: «Eg har gjort urett. Kom tilbake, David, son min! Eg skal ikkje gjera deg noko vondt meir sidan du sette livet mitt så høgt i dag. Eg har bore meg uvitug åt og gjort ein stor feil.»
22 David svara: «Sjå, her er spydet til kongen! Lat ein av mennene koma over og henta det!
23 Herren løner den som er rettferdig og trufast. Det var Herren som gav deg i mine hender i dag, men eg ville ikkje leggja hand på den Herren har salva.
24 Måtte Herren setja mitt liv like høgt som eg har sett ditt liv i dag, og fria meg frå all naud.»
25 Då sa Saul til David: «Velsigna er du, David, son min. Mangt skal du gjera, og alt skal du lukkast i.» Så drog David sin veg, og Saul vende heim att.