7 Då David og Abisjai kom bort til hæren om natta, låg Saul og sov midt i leiren. Spydet hans var stukke ned i jorda like ved hovudet hans, og Abner og krigsfolket låg rundt han.
8 Abisjai sa til David: «I dag har Gud gjeve fienden i di hand. Lat meg få spidda han til jorda i ein einaste støyt. Ein støyt med spydet er nok.»
9 Men David svara Abisjai: «Drep han ikkje! Kven kan ustraffa leggja hand på den Herren har salva?»
10 Og han heldt fram: «Så sant Herren lever, Herren skal sjølv slå han, anten han døyr når timen hans kjem, eller han fell i krig.
11 Herren fri meg frå å leggja hand på den Herren har salva! Men ta spydet som står ved hovudet hans, og vasskrukka, og lat oss gå vår veg.»
12 Så tok David spydet og vasskrukka ved hovudet til Saul, og dei gjekk sin veg. Ingen såg det, ingen merka det, og ingen vakna. Alle sov, for Herren hadde late ein djup søvn koma over dei.
13 Då David var komen over til den andre sida, stilte han seg opp på ein fjellknaus langt borte, slik at det var stor avstand mellom dei.