1 Men David sa til seg sjølv: «Ein dag kjem eg likevel til å mista livet for Sauls hand. Det beste eg kan gjera, er å rømma til filistarlandet. Då vil Saul halda opp med å leita etter meg over heile Israel, og eg slepp unna han.»
2 Så braut David opp saman med dei seks hundre mennene som følgde han, og drog over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.
3 David slo seg ned hos Akisj i Gat saman med mennene sine, kvar og ein med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil frå Karmel, ho som hadde vore gift med Nabal.
4 Då Saul fekk vita at David hadde flykta til Gat, heldt han opp med å leita etter han.