2 Så braut David opp saman med dei seks hundre mennene som følgde han, og drog over til Akisj, son til Maok, kongen i Gat.
3 David slo seg ned hos Akisj i Gat saman med mennene sine, kvar og ein med sin huslyd. David hadde med seg begge konene sine, Ahinoam frå Jisreel og Abigajil frå Karmel, ho som hadde vore gift med Nabal.
4 Då Saul fekk vita at David hadde flykta til Gat, heldt han opp med å leita etter han.
5 David sa til Akisj: «Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få bustad i ein av landsbyane. Kvifor skulle eg, tenaren din, bu saman med deg i kongsbyen?»
6 Same dagen lét Akisj han få Siklag. Difor har Siklag høyrt Juda-kongane til heilt til denne dag.
7 Den tida David budde i filistarlandet, var eitt år og fire månader.
8 David og mennene hans drog ofte ut på plyndringstokt blant gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gammalt av hadde budd i landet, bort mot Sjur og heilt til Egypt.