7 Den tida David budde i filistarlandet, var eitt år og fire månader.
8 David og mennene hans drog ofte ut på plyndringstokt blant gesjurittane, girsittane og amalekittane. Det var dei folka som frå gammalt av hadde budd i landet, bort mot Sjur og heilt til Egypt.
9 Når David herja landet, lét han korkje menn eller kvinner vera att. Han tok med seg småfe og storfe, esel, kamelar og klede og kom tilbake til Akisj med det.
10 Når så Akisj spurde: «Kvar har de plyndra i dag?» svara David: «I Judas del av Negev, i delen til jerahmeelittane og i delen til kenittane.»
11 David lét korkje mann eller kvinne vera att så dei kunne koma til Gat, for han tenkte: «Dei kunne fortelja eitkvart om oss og seia at så og så har David gjort.» Såleis fór David fram heile den tida han budde i filistarlandet.
12 Men Akisj stola på David og tenkte: «No har han gjort seg grundig hata av Israel, sitt eige folk. Han kjem til å vera i mi teneste for alltid.»