1 På den tid samla filistrane hærane sine og ville gå til krig mot Israel. Då sa Akisj til David: «Du veit vel at både du og mennene dine må følgja meg i kamp?»
2 David svara: «Godt, du skal få sjå kva tenaren din duger til.» Akisj sa: «Så set eg deg til sjef for livvakta mi for alltid.»
3 No var Samuel død. Heile Israel hadde halde sørgjehøgtid over han, og dei hadde gravlagt han i Rama, heimbyen hans. Saul hadde drive ut av landet dei som mana fram daudingar og spådomsånder.
4 Filistrane samla seg, drog til Sjunem og slo leir der. Saul samla heile Israel og slo leir på Gilboa-fjellet.
5 Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at hjartet hans skalv.