15 Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistrane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg. Han svarar meg ikkje lenger, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»
16 Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg når Herren har vendt seg frå deg og vorte fienden din?
17 Herren har gjort med deg slik som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut av handa di og gjeve det til ein annan, til David.
18 Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedommen hans over amalekittane, difor har Herren no gjort dette mot deg.
19 Herren vil gje både deg og Israel i filistarhand. I morgon skal du og sønene dine vera hos meg. Og Herren skal gje Israels-hæren òg i filistarhand.»
20 Med det same Saul høyrde det Samuel sa, kom det slik redsle over han at han fall til jorda så lang han var. Han var heilt kraftlaus, for han hadde ikkje smaka mat heile dagen og heile natta.
21 Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestekvinna di har lydd deg. Eg våga livet og gjorde som du sa til meg.