21 Kvinna kom bort til Saul. Og då ho såg kor redd han var, sa ho til han: «Tenestekvinna di har lydd deg. Eg våga livet og gjorde som du sa til meg.
22 Så høyr no du òg på tenestekvinna di og lat meg få setja fram litt mat for deg. Et, så du kan koma til krefter før du dreg din veg.»
23 Men han nekta og sa: «Eg vil ikkje ha mat.» Men då både mennene hans og kvinna nøydde han, gjorde han som dei sa. Han reiste seg opp frå jorda og sette seg på senga.
24 Kvinna hadde ein gjøkalv heime, og den skunda ho seg å slakta. Så tok ho mjøl, knadde det og baka usyra brød.
25 Ho bar maten fram for Saul og mennene hans, og dei åt. Same natta braut dei opp og drog sin veg.