5 Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at hjartet hans skalv.
6 Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller ved urim eller gjennom profetar.
7 Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram gjenferd, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan mana fram gjenferd.»
8 Saul gjorde seg no ukjenneleg og tok på seg andre klede. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Kall fram ein av dei døde og spå meg! Hent opp den som eg nemner for deg.»
9 Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»
10 Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»
11 Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»