9 Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»
10 Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»
11 Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»
12 Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er då Saul!»
13 Men kongen sa til henne: «Ver ikkje redd! Kva er det du ser?» Kvinna svara: «Eg ser eit gudevesen stiga opp av jorda.»
14 «Korleis ser det ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Ein gammal mann stig opp. Han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.
15 Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistrane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg. Han svarar meg ikkje lenger, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»