2 Filistarhovdingane drog fram i spissen for avdelingar på hundre og tusen mann. Sist kom David og mennene hans saman med Akisj.
3 Då sa feltherrane til filistrane: «Kva skal desse hebrearane her?» Akisj svara dei: «Er ikkje dette David, ein av mennene til Saul, Israels-kongen, han som har vore hos meg i over eitt år? Frå den dagen han gjekk over til meg og til no har eg ikkje funne noko å utsetja på han.»
4 Men feltherrane vart arge på han og sa til han: «Send mannen bort! Han kan dra tilbake til den staden du har gjeve han. Han skal ikkje vera med oss i krigen, for han kunne venda seg mot oss midt i slaget. Korleis skulle han lettare vinna att godviljen hos herren sin enn om han kom med hovuda av mennene våre?
5 Er ikkje dette David, han som kvinnene song om medan dei dansa:Saul slo i tusental,men David har slege i titusental?»
6 Akisj kalla då David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje på deg.
7 Dra no heim i fred, så du ikkje gjer noko som filistarhovdingane mislikar.»
8 David sa til Akisj: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å utsetja på tenaren din frå den dagen eg kom i di teneste og til no, sidan eg ikkje får vera med og kjempa mot fiendane dine, herre konge?»