6 Akisj kalla då David til seg og sa til han: «Så sant Herren lever, du er ein ærleg mann. Eg ser gjerne at du går inn og ut hos meg i leiren, for eg har ikkje funne noko vondt hos deg frå den dagen du kom til meg og til no. Men hovdingane lit ikkje på deg.
7 Dra no heim i fred, så du ikkje gjer noko som filistarhovdingane mislikar.»
8 David sa til Akisj: «Kva gale har eg gjort? Har du hatt noko å utsetja på tenaren din frå den dagen eg kom i di teneste og til no, sidan eg ikkje får vera med og kjempa mot fiendane dine, herre konge?»
9 Akisj svara David: «I mine auge er du god, som ein engel frå Gud. Men feltherrane til filistrane seier at dei ikkje vil ha deg med i krigen.
10 Stå tidleg opp i morgon, både du og dei mennene til herren din som har følgt deg hit. Gjer dykk ferdige og dra av stad så snart det lysnar.»
11 Morgonen etter stod David og mennene hans tidleg opp og fór attende til filistarlandet. Men filistrane drog opp til Jisreel.